I fleire tiår var inflasjon eit ikkje-tema i det offentlege ordskiftet. Dei siste åra er alt ved det gamle: Inflasjon har gjort "comeback" og pengepolitikken til Noregs Bank er sett under lupa - og lek og lærd ser i så måte forskjellig på saka.
Før lærte vi at inflasjonen ofte var eit monetær fenomen: Mange meinte at auke i pengemengda var den viktigaste årsaka til høg - og tidvis variabel - prisvekst. Er det slik enno? Kva er bankane si rolle i så måte? Og vel vitande om at inflasjon i grunn og botn er eit definisjonsspørsmål: Måler vi inflasjon på tilfredsstillande vis? Sist, men ikkje minst: I kva grad er det fruktbart å diskutera alt dette med bitcoin som utgangspunkt og innfallsvinkel?
Alt dette er tema for ny Satoshi-samtale i regi av Bitcoinpolitisk institutt Noreg (BPI). Desse er med:
- Jan Ludvig Andreassen, sjeføkonom i Eika Gruppen
- Ole Emil Augland, styremedlem i BPI
- Arne Kloster, spesialrådgjevar i avdeling for marknader, Noregs Bank
Ordstyrar: Morten Søberg, generalsekretær i BPI.
Etter Satoshi-samtalen vert det som sedvanleg drøs rundt borda nede i baren/restauranten. Arrangementet er gratis og alle er velkomne.

