Pengetrykking og inflasjon

Korleis påverkar pengesystemet vårt inflasjonen i riket? I kva grad er bitcoin eit "alternativ"?

Mange års røynsle med ... inflasjon.
Noregs Bank

I fleire tiår var inflasjon eit ikkje-tema i det offentlege ordskiftet. Dei siste åra er alt ved det gamle: Inflasjon har gjort "comeback" og pengepolitikken til Noregs Bank er sett under lupa - og lek og lærd ser i så måte forskjellig på saka.

Før lærte vi at inflasjonen ofte var eit monetær fenomen: Mange meinte at auke i pengemengda var den viktigaste årsaka til høg - og tidvis variabel - prisvekst. Er det slik enno? Kva er bankane si rolle i så måte? Og vel vitande om at inflasjon i grunn og botn er eit definisjonsspørsmål: Måler vi inflasjon på tilfredsstillande vis? Sist, men ikkje minst: I kva grad er det fruktbart å diskutera alt dette med bitcoin som utgangspunkt og innfallsvinkel?

Alt dette er tema for ny Satoshi-samtale i regi av Bitcoinpolitisk institutt Noreg (BPI). Desse er med:

  • Jan Ludvig Andreassen, sjeføkonom i Eika Gruppen
  • Ole Emil Augland, styremedlem i BPI
  • Arne Kloster, spesialrådgjevar i avdeling for marknader, Noregs Bank

Ordstyrar: Morten Søberg, generalsekretær i BPI.

Etter Satoshi-samtalen vert det som sedvanleg drøs rundt borda nede i baren/restauranten. Arrangementet er gratis og alle er velkomne.

The individual organizer is responsible for the event and text, obtaining photo permission, and photo credit. For questions about content, participants, or other details, please contact the organizer directly.


Do you want to rent Kverneland?

This event will take place in Kverneland. Kverneland er en lys sal med utsikt mot Slottsparken.

Bilde av salen Kverneland på Litteraturhuset, med en stor veggillustrasjon som viser norske forfattere, tegnet av Steffen Kverneland.

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!