Nobelprisen storskjerm

Jon Fosse på storskjerm frå Stockholm, med innleiing ved Brit Bildøen og framføring av Fosse-stykke.

Portrett av Jon Fosse.
Foto: Agnete Brun

Jon Fosse får årets Nobelpris i litteratur for sin «nyskapande dramatikk og prosa som gir stemme til det useielege,» heiter det i grunngjevinga frå Svenske Akademien. Kva er eigentleg det unike i Fosses stil?

Forfattarkollega Brit Bildøen har kjent Jon Fosse eit langt skriveliv, blant anna var han lærar hennar på Skrivekunstakademiet. Ho vil innleie kort om Fosses særpreg, og om kvifor det er så stas at nett Fosse får den gjæve Nobelprisen.

Så vil skodespelarane Trine Wiggen og Vetle Bergan lese Fosse sitt stykke Leika leiken. Stykket blei òg framført på Fosse-symposiet på Litteraturhuset i Bergen tidlegare i år, og skal publiserast for fyrste gong i Syn og Segn 4/2023.

Deretter set vi over til Stockholm og direktestrøymar den høgtidelege stunda då sjølvaste Jon Fosse tek imot Nobelprisen og held takketale.

Arrangementet er ein del av Fosse-fest 7.-10. desember, der vi feirar Jon Fosse og forfattarskapen hans i samband med Nobelpris-markeringa i Stockholm.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!