Fosse i ord og tonar

Fosse-konsert med Sandra Kolstad og gjestar Ingrid Olava, Tuva Syvertsen og Gjertrud Jynge.

Portretter av Sandra Kolstad, Tuva Syvertsen, Gjertrud Jynge og Ingrid Olava.
Foto (fra øverst fra venstre): Ida Bjørvik, Knut Utler, Det norske teateret og Herman Ekendahl-Dreyer

Har du høyrt Fosse sine dikt i elektronisk drakt? Med plata Elv på himmelen har forfattar og komponist Sandra Kolstad tonesett tolv dikt av Fosse, henta frå diktsamlinga Stein til stein, med god hjelp av røystene til eit knippe artistar og Fosse-tolkarar, som Ane Brun, Tuva Syvertsen, Bjørn Tomren og Ingrid Olava.

I kveld byr Sandra på ein minikonsert frå plata, med gjester Ingrid Olava, Tuva Syvertsen og Gjertrud Jynge.

Men aller først vil skodespelar Gjertrud Jynge framføre ein monolog som Ales frå Trilogien, ei rolle ho fekk både Kritikarprisen og Heddaprisen for etter oppføringa ved Det Norske Teatret i 2019.

Sandra Kolstad er musikar, forfattar, komponist og produsent. Ho har så langt gitt ut seks album, blant anna Elv på himmelen, og er no aktuell med singelen «Unlearning». 

Ingrid Olava er musikar, songar og låtskrivar. Ho har gitt ut sju album, med årets plate Blomster og post som nyaste tilskot. 

Tuva Syvertsen er musikar og hardingfelespelar. Ho er best kjent som felespelar, vokalist og frontfigur i musikkgruppa Valkyrien Allstars. 

Gjertrud Jynge er skodespelar, fast tilsett ved Det Norske Teateret.

Arrangementet er ein del av Fosse-fest 7.-10. desember, der vi feirar Jon Fosse og forfattarskapen hans i samband med Nobelpris-markeringa i Stockholm.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!