Cantillon-effekten & pengar

Kven var Richard Cantillon? Er pengeteorien hans enno relevant snart 300 år etter at han døydde?

Icon of a ticket

Gratis

Cantillon meinte at berre myntar av edelt metall var reie pengar. Ergo: ingen pengar utan gruvedrift.
Cantillon meinte at berre myntar av edelt metall var reie pengar. Ergo: ingen pengar utan gruvedrift.

  • Hovudverket til Cantillon - Essai sur la nature du commerce en général - kom ut i 1755 i Paris om lag tjue år etter at han truleg vart myrda i London. Intelligent liv etter døden: Sakte, men sikkert vert særleg pengeteorien til Cantillon stadig oftare nemnt og vist til - ikkje minst i det internasjonale "bitcoin-miljøet". Kva går teorien ut på? Har Cantillion noko å læra oss om pengar og pengepolitikk? Og: Er det ironisk nok bitcoin og andre kryptovalutaer som best illustrerer pengeteorien til Cantillon?

Dette er tema for ny Satoshi-samtale i regi av Bitcoinpolitisk institutt Noreg. Fyrst to innlegg ved historikar Ola Innset og sosialøkonom Morten Søberg. Dinest kommentarar, kaffi, spørsmål, te, sterke meiningar, vatn, forsøk på konklusjon, sosial mingling og så frametter.

Arrangementet vert gjort tilgjengeleg som podcast kort tid etter at siste ord har vorte sagt.

Den enkelte arrangør er ansvarlig for arrangement og tekst, innhenting av fototillatelse og fotokreditering. For spørsmål om innhold, deltakere eller andre detaljer, ta kontakt direkte med arrangøren.


Vil du leie Kverneland?

Dette arrangementet finner sted i Kverneland. Kverneland er en lys sal med utsikt mot Slottsparken.

Bilde av salen Kverneland på Litteraturhuset, med en stor veggillustrasjon som viser norske forfattere, tegnet av Steffen Kverneland.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!