- Hovudverket til Cantillon - Essai sur la nature du commerce en général - kom ut i 1755 i Paris om lag tjue år etter at han truleg vart myrda i London. Intelligent liv etter døden: Sakte, men sikkert vert særleg pengeteorien til Cantillon stadig oftare nemnt og vist til - ikkje minst i det internasjonale "bitcoin-miljøet". Kva går teorien ut på? Har Cantillion noko å læra oss om pengar og pengepolitikk? Og: Er det ironisk nok bitcoin og andre kryptovalutaer som best illustrerer pengeteorien til Cantillon?
Dette er tema for ny Satoshi-samtale i regi av Bitcoinpolitisk institutt Noreg. Fyrst to innlegg ved historikar Ola Innset og sosialøkonom Morten Søberg. Dinest kommentarar, kaffi, spørsmål, te, sterke meiningar, vatn, forsøk på konklusjon, sosial mingling og så frametter.
Arrangementet vert gjort tilgjengeleg som podcast kort tid etter at siste ord har vorte sagt.

