Kva er bitcoin eigentleg?

Bank of England meiner at bitcoin primært er ei MYNTEINING; "a unit of account". Alle pengar er det.

Icon of a ticket

Gratis

Bitcoin-oppfinnaren Satoshi Nakamoto såg føre seg bitcoin som ein gullmynt med dollarinspirert symbol.
Bitcoin Design

Pengar har namn. Mange monetære nemningar (mynteiningar) viser til vekt, jf. (britiske) pund. Og lire, sjølvsagt - som kjem av det latinske ordet libra; pund, vekt. Kva særmerkjer namn på ulike typar pengar, og kva er spesielt med bitcoin i så måte? Og er ikkje val av namn på pengar - definisjonen av mynteiningar i land - fyrst og fremst eit politisk og ikkje eit teknologisk spørsmål?

Velkomen til eit ordentleg feinschmecker-arrangement om pengar generelt og bitcoin spesielt. Desse er med:

  • Klaus Johan Myrvoll, lektor i norrøn filologi ved Københavns universitet, teiknar og fortel om mynteiningar.
  • Jakob Notland, med fersk doktorgrad i blokkjedeteknologi frå NTNU, gjer greie for det teknologiske ved mynteininga bitcoin.
  • Ordstyrar: Morten Søberg, generalsekretær i Bitcoinpolitisk institutt Noreg - og aktuell med boka "Bitcoin-reportasjane frå Japan, Sulitjelma, Tyskland, Hongkong, El Salvador, Georgia, Gibraltar, Svalbard, England og Orknøyane" (Fonna forlag, 2025).

Den enkelte arrangør er ansvarlig for arrangement og tekst, innhenting av fototillatelse og fotokreditering. For spørsmål om innhold, deltakere eller andre detaljer, ta kontakt direkte med arrangøren.


Vil du leie Kverneland?

Dette arrangementet finner sted i Kverneland. Kverneland er en lys sal med utsikt mot Slottsparken.

Bilde av salen Kverneland på Litteraturhuset, med en stor veggillustrasjon som viser norske forfattere, tegnet av Steffen Kverneland.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!