Pengar har namn. Mange monetære nemningar (mynteiningar) viser til vekt, jf. (britiske) pund. Og lire, sjølvsagt - som kjem av det latinske ordet libra; pund, vekt. Kva særmerkjer namn på ulike typar pengar, og kva er spesielt med bitcoin i så måte? Og er ikkje val av namn på pengar - definisjonen av mynteiningar i land - fyrst og fremst eit politisk og ikkje eit teknologisk spørsmål?
Velkomen til eit ordentleg feinschmecker-arrangement om pengar generelt og bitcoin spesielt. Desse er med:
- Klaus Johan Myrvoll, lektor i norrøn filologi ved Københavns universitet, teiknar og fortel om mynteiningar.
- Jakob Notland, med fersk doktorgrad i blokkjedeteknologi frå NTNU, gjer greie for det teknologiske ved mynteininga bitcoin.
- Ordstyrar: Morten Søberg, generalsekretær i Bitcoinpolitisk institutt Noreg - og aktuell med boka "Bitcoin-reportasjane frå Japan, Sulitjelma, Tyskland, Hongkong, El Salvador, Georgia, Gibraltar, Svalbard, England og Orknøyane" (Fonna forlag, 2025).

