Kjartan Fløgstad har skrive side opp og side ned om gruvedrift – på Svalbard, i Latin-Amerika og så bortetter. Bitcoin representerer ein "hypermoderne" type gruvedrift: Mynting av nye bitcoin skjer som eit resultat av "mining" og "proof of work". Men medan klassiske gruvearbeidarar i mange land var leiande i arbeidet for retten til å organisera seg og stod i spissen for ei rekkje sosiale reformer, er den samfunnsmessige rolla til bitcoin i skrivande stund noko meir ... uklår.
Fløgstad og Heming H. Gujord – professor ved Universitetet i Bergen og forfattar av FLØGSTAD VERK. Skriftprosessar. Produksjonslinjer. (Samlaget, 2018) – møtest for å diskutera gruvedrift og samfunnsendringar før og no. Ordstyrar: Morten Søberg, generalsekretær i Bitcoinpolitisk institutt Noreg.