Fløgstad + bitcoin = sant?

Kva meiner Kjartan Fløgstad om bitcoin? Inneber bitcoin ei ny form for samfunnskritikk? Vi får sjå ...

Barentsburg: den siste gruvebyen på norsk territorium ...
Ørjan Ingvaldsen (Haltenbanken)

Kjartan Fløgstad har skrive side opp og side ned om gruvedrift – på Svalbard, i Latin-Amerika og så bortetter. Bitcoin representerer ein "hypermoderne" type gruvedrift: Mynting av nye bitcoin skjer som eit resultat av "mining" og "proof of work". Men medan klassiske gruvearbeidarar i mange land var leiande i arbeidet for retten til å organisera seg og stod i spissen for ei rekkje sosiale reformer, er den samfunnsmessige rolla til bitcoin i skrivande stund noko meir ... uklår.

Fløgstad og Heming H. Gujord – professor ved Universitetet i Bergen og forfattar av FLØGSTAD VERK. Skriftprosessar. Produksjonslinjer. (Samlaget, 2018) – møtest for å diskutera gruvedrift og samfunnsendringar før og no. Ordstyrar: Morten Søberg, generalsekretær i Bitcoinpolitisk institutt Noreg.

The individual organizer is responsible for the event and text, obtaining photo permission, and photo credit. For questions about content, participants, or other details, please contact the organizer directly.


Do you want to rent Kverneland?

This event will take place in Kverneland. Kverneland er en lys sal med utsikt mot Slottsparken.

Bilde av salen Kverneland på Litteraturhuset, med en stor veggillustrasjon som viser norske forfattere, tegnet av Steffen Kverneland.

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!