Fosse-fest tre dagar til ende!

Litteraturhuset og Det norske Samlaget inviterer til folkefest for å feire Jon Fosse og forfattarskapen hans i samband med Nobelpris-markeringa i Stockholm 7.-10. desember.

Publisert 21. november 2023

Portrett av Jon Fosse
Foto: Agnete Brun

– Nobelprisen til Jon Fosse er rett og slett eit eventyr. For første gong på nesten hundre år har ein norsk forfattar fått den gjævaste litteraturprisen – for ei anerkjenning av Fosse, norsk litteratur og det nynorske språket! Dette er noko alle i Noreg kan vere stolte av. Medan Fosse er i Stockholm for å ta imot prisen, inviterer vi difor alle bokelskarar, nye og gamle, til å vere med på å feire Fosse og litteraturen hans på Litteraturhuset i Oslo, seier Håkon Kolmannskog, forlagssjef i Samlaget.

Blant deltakarane er Oslo-biskop Kari Veiteberg, forfattarane Brit Bildøen, Vigdis Hjorth, Tore Renberg, Kathrine Nedrejord, Kjartan Fløgstad og Brynjulf Jung Tjønn, artist Sandra Kolstad og skodespelar Gjertrud Jynge.

Hovudpersonen kjem sjølv til å vere i Stockholm for å ta imot prisen denne helga, men Litteraturhuset strøymer Fosse sitt nobelforedrag direkte på storskjerm torsdag 7. desember klokka 17, i etterkant av ei personleg innleiing frå forfattarkollega Olaug Nilssen.

– Vi inviterer til gratis fest for alle, både dei som kjenner forfattarskapen ut og inn, og dei som er nyfikne og lurer på kva ende dei skal starte i. Difor har Litteraturhuset sett saman eit sterkt og variert kunstnarisk program for både barn og vaksne i tre dagar til ende. Fosse har vore og er så betydeleg for så mange forfattarar og andre lesarar, og denne helga skal vi høyre frå nokre av dei, seier dagleg leiar for Stiftelsen Litteraturhuset, Susanne Kaluza.



Gjennom helga på Litteraturhuset vil forfattarar og andre ihuga Fosse-fans dele sine favorittar og perspektiv på forfattaren og forfattarskapen. Det blir konsert med tonesette Fosse-dikt ved Sandra Kolstad, Tuva Syvertsen, Ingrid Olava og Gjertrud Jynge, innføring i Fosse for dumskallar ved Linda Eide og Sjur Hjeltnes, og framføring av Fosse-dramatikk med skodespelarane Trine Wiggen og Vetle Bergan.

Også dei minste vil få oppleve Fosse sin litteratur når det søndag 10. desember er klart for musikalsk forteljarstund basert på Spelejenta, ei av Fosse sine mange barnebøker, før illustratør Øyvind Torseter inviterer til teikne-og-stemple-verkstad for teikneglade barn.

Kafe Oslo diskar opp med eigen spesiallaga Fosse-meny, og NRK lagar livestudio frå Litteraturhuset laurdagen, der programleiar Siss Vik intervjuar gjester og lage ulike innslag.