Yasmina Khadra

Om fundamentalisme og viljen til å skjønna

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Gleda var stor då franske litteratar trudde dei hadde funne sjølve den kvinnelege innvandrarstemma i romanane til Yasmina Khadra. Det blei ikkje mindre oppstuss då denne stemma viste seg å tilhøyre Mohammed Moulessehoul, ein tidlegare algirsk offiser som vart sent på militærakademiet av faren som niåring. Moulessehoul kom til Frankrike i 2001, etter å ha byrja bruke pseudonymet Yasmina Khadra, kona sine to fornamn, for å omgå sensuren i heimlandet. Han hadde gitt ut ei rekkje romanar under eige namn, og desse blei etter kvart så populære at han fekk oppnemt ei eiga sensurnemd.

Romanen Svalene i Kabul vart opprinneleg utgitt i 2002, og kjem på norsk i vår. Tidlegare har romanen Etter attentatet komme ut i Norge. Forfattaren vitjar Oslo i høve lanseringa av den siste omsetjinga, og samtalar med menneskerettsforskar og Afghanistan-ekspert Cecilie Hellestveit.

Wergeland Litteraturhuset Om fundamentalisme og viljen til å skjønna

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!