Vondskap og vilje

Sveen, Vetlesen og Hverven

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Sjå korleis lyset fell. No ligg eine foten min i skugge, men no ligg han i lyset. Det skiftar, sa han og bevegde den brennande pinnen framfor seg. Kva som er i lyset, kva som er i skuggane, kva som er rett og kva som er gale.

Lars Petter Sveen har skrive si tredje bok, Guds barn. Romanen skriv vidare på bibelforteljingane. Det er ei moderne fortolking av kampen mellom det gode og det vonde, men i eit bibelsk språk, stramt, poetisk og tett, og utgjevinga har fått kritikarane til å pusse på dei aller gjævaste orda. Kan Bibelen hjelpe oss til betre å forstå kva vondskap er?

Filosofen Arne Johan Vetlesen har i mange år forska på dei vonde gjerningane. Medan Sveen dukkar inn i den kanonisk viktigaste teksten me har om vondskap, går Vetlesen i Studier i ondskap inn i dei mest grufulle hendingane me har i nær fortid og samtid og undersøkjer kva overgriparane i My Lai 1968, tyske soldatar under den andre verdskrigen og Anders Behring Breivik fortel oss om det vonde. Kva skil kollektiv frå individuell vondskap?

«Mesterlig. Lars Petter Sveens tredje bok er kunst av sjelden kvalitet», skreiv hovudmeldar i Bokmagasinet Tom Egil Hverven i den entusiastiske kritikken i Klassekampen. Også Hverven har engasjert seg i spørsmålet om språk, kunst og vondskap og har også skrive bok om 22. juli-rettssaka. No snakkar dei tre saman om lys, skugge og menneskeleg vilje til å velje godt og vondt. Og kan det vere moralsk problematisk å tilgje?

Wergeland Litteraturhuset Sveen, Vetlesen og Hverven

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!