Tørst prest

Til bords med Ragnar Hovland

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

– Korleis går det med eksperimenta, då?
– Å dei, sa prestesonen. – Det blir liksom ikkje noko særleg ut av dei. Mest røyk og dritlukt. Eg har begynt med byggjesett no. Eg held på å byggje slagskipet Bismarck. (Frå romanen 1964)

Ikkje mange forfattarar blir vist den æra at ein øl blir kalla opp etter dei, men så er det ikkje heller så mange forfattarar som skriv så mykje om denne gylne drikkens gleder som Ragnar Hovland. «Prestesonen» heiter ølet som har fått namnet sitt etter vestlandsforfattaren og er ein brun staut bryggja med amber malt, brown malt og pale malt.

Som litterær karakter dukkar prestesonen mellom anna opp i romanen 1964, som ein litt nerdete fyr som likar illeluktande naturfaglege eksperiment og romanlesing. Hovland er sjølv son av ein prest. Men kor nært er slekskapet mellom forfattaren og romankarakteren, og korleis går det når den verkelege Hovland no får Kafe Oslos kjøkken å eksperimentere på? Det er klart for ein ny runde med Kok ein bokorm, der mat skal passe til øl.

Bordbestilling på post@kafeoslo.no.

Vestlandsinspirert høstmeny

Aperitiff: Kinn bringebærøl

:::::

Kamskjell og blåskjell, eple
Med Blåskjellsaus og jordskokker

:::::

Grillet klippfisk
Med potet,- hvitløkspure og steinsoppsaus

:::::

Raspeballer
Med saltet fårekjøtt, vossakorv og rotmos

:::::

Tilslørte vestlandspiker
Med vaniljekrem og grønn eplesorbet.

Amalie Skram Litteraturhuset Til bords med Ragnar Hovland

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!