To hundre norske år

Søbye. Berntsen. Langdal

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Smutthullet er rikt på fisk og nyt godt av at havet rundt er regulert av statane omkring. Norges rolle i den globale kapitalismen kan liknast med Smutthullet, landet haustar fordelane andre har lagt til rette for.

«Enig og tro til Dovre faller», var orda dei avslutta riksforsamlinga med 20. mai 1814. To hundre år etter er det tid for ei bok med tittelen Dovre faller. Noreg vert lagt under lupa. Kva har skjedd i dei åra som har gått? Jo, bøndene, den norske ryggrada, er marginalisert. Fellesskapen smuldrar opp, forskjellane aukar, kapitalismen tek over, og Frp krev ketchup på kulturen.

Dei står støtt til venstre i det politiske landskapet. Eit skrivekollektiv er felles avsendar for utgjevinga, og dei gjer bruk av samla kompetanse innanfor filosofi, populærkultur, politiske maktspel, statistikk og krass satire.

Harald Berntsen er forfattar og historikar med arbeidarrørsla som spesialfelt, medan Jon Langdal er skribent og lektor. Espen Søbye er forfattar av årsaktuelle Folkemengdens bevegelse. Norges befolkning 1735–1814 og har også i fleire tidlegare bøker vist at han brukar tal og arkivmateriale på sin eigen måte. På Litteraturhuset snakkar dei tre om kva som har gått gale i verdas beste land.

Programendring 20.08.14:
I katalogen står også Kjartan Fløgstad annonsert i dette programmet. Dessverre måtte han melde avbud etter at katalogen var gått i trykken.

Kjelleren Litteraturhuset Søbye. Berntsen. Langdal

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!