The Clash

Frode Grytten med band på konsertnachspiel

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

The Clash burde gå inn på scena kvar kveld, spele det beste rock’n’rollshowet folk nokon gong hadde sett, og så komme seg til helvete vekk. Det var pønk. Gå inn. Eksplodere. Komme seg ut.

Joe Strummer, Paul Simonon, Mick Jones og Topper Headon: Dei fire legendariske The Clash-medlemene er hovudpersonar i Frode Gryttens nye roman Brenn huset ned. Ein som vil klatre ned til arbeidarklassa, ein som vil klatre ut av henne, ein vakker og ein som øydelegg seg sjølv med dop når han ikkje er verdas beste trommeslagar. Politisk medvitne punkrockarar med ei scenekraft verda knapt hadde sett.

Frode Grytten kjem til Litteraturhuset denne kvelden for å fortelje om bandet som både berga og endra han. Skikkeleg konsert blir det òg. Med seg på scena har han forfattarkollega Pedro Carmona-Alvarez, pluss Ole Amund Gjersvik på bass, Ivar Thormodsæther på trommer, Michael Barnes på saks og fløyte, og Einar Sogstad på tangentar. Dei lovar ei knall framsyning med kollasj av tekst, utforsking av Clash-låtar og Clash-film som backdrop.

Då Grytten i 2008 snakka om Murakami på Litteraturhuset, kåra Dagbladet det til eit av dei viktigaste kulturhenda det året. Og det er grunn til å tru at det blir endå ein heftig kveld når han i ekte nachspielstil fortel lidenskapleg og fortruleg om forholdet sitt til The Clash, før det er klart for konsert. Litteraturhuset is calling, og pønken er ikkje død.

Ny serie: Nachspielforedrag (/nyheter/2013/nachspielforedrag.html)
Bli med når Litteraturhuset noen fredager klokken 21.00 gjenskaper den entusiastiske nachspielstemningen og lar en forfatter uavbrutt og i fortrolighet fortelle om en musiker eller artist som han eller hun har et spesielt lidenskapelig forhold til. Dette kvartalet forteller Frode Grytten om The Clash og Harald Rosenløw Eeg om Depeche Mode.

Wergeland Litteraturhuset Frode Grytten med band på konsertnachspiel

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!