Stemmer frå Kina

Xinran i samtale med Kjersti Strømmen

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Berre ein fjerdepart av dei som starta, overlevde Den lange marsjen i 1934. Forfattaren Xinran har snakka med ein av desse staute militære i intervjuboka Kinas tause generasjon. Dei gamle i Kina har vore gjennom verdas største sosiale eksperiment, frå kulturrevolusjonen via dengismen i 80-åra til ein situasjon der Folkerepublikken Kina spelar ei stor rolle på verdsmarknaden.

Xinran byrja karrieren sin som vert i eit innringingsprogram på radio. Ut av det kom ei bok som på norsk heitte Stemmer i natten – ei samling openhjartige samtalar med kvinner om lagnadene og kvardagsproblema deira. Xinran bur no i London, men har vidareført prosjektet sitt med å formidla røynslene til vanlege kinesiske menneske, denne gongen dei eldre.

Kjersti Strømmen, tidlegare korrespondent i Asia, har sjølv skrive bok om møta sine med folk der. Ho skal intervjua Xinran denne kvelden før dagen til arbeidarane.

Wergeland Litteraturhuset Xinran i samtale med Kjersti Strømmen

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!