Spelejenta

Ei musikalsk forteljarstund med Marianne Sundal og Sofie Mortvedt, basert på barneboka «Spelejenta» av Jon Fosse.

Illustrasjon av en liten jente med en fele i et orange rom.
Ill.: Øyvind Torseter

Forteljar Marianne Sundal og musikar Sofie Mortvedt tek oss med inn i Jon Fosse si magiske verd med ei framsyning basert på barneboka Spelejenta av Jon Fosse.

Spelejenta er eit kunsteventyr med referansar til folkeeventyr og bibelforteljingar. Boka handlar om ei synsk spelejente som ser i handa si at faren har stranda og sit forkomen på ei øy. Ho tek fela med seg og legg ut på ei ferd for å finne og trøyste han. På vegen møter homange utfordringar, og då blir fela god å ha med seg! Forteljinga har magiske element, og nydelege illustrasjonar laga av Øyvind Torseter.

Passar for barn frå 4 år.

Arrangementet er ein del av Fosse-fest 7.-10. desember, der vi feirar Jon Fosse og forfattarskapen hans i samband med Nobelpris-markeringa i Stockholm.

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!