Snikkikk med Bjørn Hatterud

Bjørn Hatterud les høgt frå si komande bok Far levde og så var han død.

Portrett av Bjørn Hatterud
Foto: Agnete Brun

I serien «Snikkikk» inviterer Litteraturhuset forfattarar til å lese høgt frå bøkene dei skal gje ut til hausten.

«Du ska skrive om meg. Og du ska skrive om æilt. Om æill driten å!»

Bjørn Hatterud si komande bok, Far levde og så var han død. Om traktormekanikk, trekkspelmusikk, heimebrenning og umåla furu, er ei forteljing om ein far som var ein heilt vanleg mann.

Landbruksmekanikaren Tor Hatterud kom frå generasjonar av praktiske menn, gard- og skogbrukarar og husmenn i Veldre i Ringsaker. Han skrudde alltid, hadde hender fulle av sår og merke, gjekk milevis på ski, snakka gamalmodig veldredialekt og viste kjærleik gjennom å vaske bil. Sonen Bjørn er alt anna enn nevenyttig. Han er ein homofil og funksjonshemma akademikar som jobbar i kulturfeltet i hovudstaden. 

Kven var far til Bjørn? Og kva skjedde då faren døydde? Tor mista først kontroll over venstre foten. Han tilpassa seg, bytte ut den tunge bensindrivne grasklipparen med ein robotklippar. For første gong gjekk faren like sakte som den haltande sonen, og ein annleis samtale mellom far og son starta. 

Bjørn Hatterud er forfattar, kunstkritikar, kurator og musikar, og i sit i Kulturrådet. Han har tidelegare gitt ut tre bøker, der særleg Mjøsa rundt med mor har fått breitt gjennomslag hjå lesarar, i tillegg til å bli tildelt Kritikarprisen. Hatterud har også mottatt Fritt Ords pris.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!