Sju dagar i august

Snikkikk med Brit Bildøen

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

I løpet av ei veke i august opplever Sofie og Otto Krohg-Iversen ei rekkje små ulykker som til saman avslører små og store sprekker både i ekteskapet, på jobben og i samfunnet rundt dei. Er alt i ferd med å falle frå kvarandre?

Brit Bildøens åttande roman Sju dagar i august er lagd fram i tid. Det er åtte år sidan terrorangrepet, som også ramma familien Krohg-Iversen. Sofie jobbar på Munchmuseet i Bjørvika, Otto er leiar for FROM, Foreningen for romfolket. Dei har busett seg på Tøyen i Oslo. Valet av jobb og bustad er del av ein plan for overleving. Men kor lenge kan sorgarbeid vere ein felles prosess? Mens regnstormar herjar og konfliktane tårnar seg opp, blir det klart for Sofie og Otto at dei ikkje kan la livet gå vidare som før.

For tidlegare utgjevingar har Bildøen mellom anna fått Melsomprisen og Sigmund Skard-stipendet.

Litteraturhuset Snikkikk med Brit Bildøen

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!