Siste natt med gjengen

Pedro Carmona-Alvarez i samtale med Kjartan Fløgstad

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Pedro Carmona-Alvarez, frå Kolbotn, Chile og Bergen, har i meir enn ti år levert gode dikt og bra rockemusikk. Med romanen Rust står han kanskje overfor sitt store gjennombrot som forfattar. Boka er dels ein bandroman og dels eit episk verk om såra Latin-Amerika slit med etter dei politiske omveltingane i 70-åra. Møt Carmona-Alvarez i samtale med forfatterkollega Kjartan Fløgstad.

The White House har gått gradene frå kompisprosjekt i ungdommen til kritikerrost band med lange turnéruter. Dei gjer som artistar flest – festar hardt, tek litt dop og ligg med litt for mange jenter, men ein gong skal alle verte vaksne. Når vi møter Daniel, er han i trettiåra og skal gifte seg. Han fortel historia om frontfiguren Passolini, som kom inn i livet deira på barneskulen, men som forsvann medan karrieren var på topp. I andre del av boka møter vi ein politimann som står føre etterforskinga av eit særs velorganisert massedrap, som snart viser seg å vere ein hemnaksjon for ofra etter kuppet i Chile. Gjennom augnevitneskildringar og livshistorier får lesaren innblikk i Latin-Amerikas nære historie og vert kjend med eit knippe skadeskotne individ.

Pedro Carmona-Alvarez tek med seg båe dei store pasjonane sine til Litteraturhuset denne kvelden: litteraturen og musikken. Etter forfattarsamtalen entrar Moonpedro and the Sinking Fish scena.

Wergeland Litteraturhuset Pedro Carmona-Alvarez i samtale med Kjartan Fløgstad

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!