Saladindagene 2011

Historie, religion og forsoning i Midtøsten

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Historie, religion og forsoning i Midtøsten

I 1187 erobra hærføraren Saladin den heilage byen Jerusalem. Det var ei tid og ein stad som var van med krig. Men etter sigeren over korsfararane gjorde Saladin noko som ikkje var vanleg, verken den gongen eller no: Han avstod frå hemn. Saladin lét dei kristne leiarane forlate Jerusalem og opna byen for alle dei tre religionane som held han heilag. Saladin freista å gjere slutt på krigen gjennom forlik og forsoning, og ikkje berre med våpenmakt.

Det er dette, og ikkje dei mange slaga, som gjer at Litteraturhuset har stifta dei internasjonale Saladindagane. Bakom krosstoga og «den evige krig» finn me ei historie verd å fortelje åtte hundre år seinare. Ei forteljing som gjer at me må bryte med førestillinga om at situasjonen i Midtausten og verda i dag er og blir urolig, fordi det bestandig har vore slik. Og som gjev oss høve til å diskutere dei dagsaktuelle temaene i eit nytt lys.

I 2011 arrangerer me Saladindager for tredje år på rad. Denne gongen kjem forfattarar og intellektuelle til Litteraturhuset for å diskutere hendingane rundt opprettinga av staten Israel i 1948. Kan ei sams oppfatning av historia leggja grunnlaget for ei framtidig forsoning mellom israelarar og palestinarar? Dessuten kjem religiøse leiarar frå islam, jødedomen og kristendomen for å drøfte korleis, og om, tru kan være ein reiskap på vegen mot forsoning.

Saladindagene vart haldne fyrste gong i 2009, etter ein idé frå den norske forfattaren Thorvald Steen. Dei er støttet av Utenriksdepartementet. I 2011 blir det og for fyrste gong halde Saladindagar i Stockholm og Istanbul, inspirerte av markeringa i Oslo.

Litteraturhuset

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!