Røter

Edvard Hoem og Tove Nilsen

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Tausheten mellom far og meg er godt forseglet, men så begynte han altså å sende julekort (Tove Nilsen)

Eg måtte dikte han fram, av luft og ingenting, av lyset over Molde og Rekneslia, av vinden som ruskar meg i håret og regnet som fall på markene og menneska, i hans tid og i mi (Edvard Hoem)

Det handlar om staden ein kjem frå, menneska som har levd og døydd og som ditt liv er bunde saman med. Familie.

Edvard Hoem og Tove Nilsen har begge skrive bøker som er forankra i eiga slekt. Slåttekar i himmelen er tittelen på Hoems siste roman, der han skriv fram historia til oldefaren Knut Hansen Nesje. Ei skildring av kjærleik og slit i ein fjordarm i ei tid då Amerikareisa var eit forlokkande alternativ.

Tove Nilsen går ikkje så langt tilbake i generasjonane. I Konge i snø handlar det mest om hennar og farens reise til heimstaden hans i Sachsen, Tyskland. Men også om ein utsett barndom, ramma av det vanskelege ekteskapet til foreldra. Om tagnad som sprekk.

Det er ni år sidan Hoem gav ut roman førre gong, Mors og fars historie. Då blei han nominert til Nordisk råds litteraturpris, i tillegg til at han vann både Melsomprisen og Petter Dassprisen. Nilsen har òg Nordisk råd-nominasjon på merittlista, forutan mellom anna Oktoberprisen og Amalie Skram-prisen. Begge dei seinaste bøkene deira har blitt varmt mottekne. I førti år har Hoem og Nilsen vore vener. No talar dei saman om å gje familie eit språk.

FOTO: Linda Engelberth

Wergeland Litteraturhuset Edvard Hoem og Tove Nilsen

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!