Politikk, ritualer, mødre og jus

Bokbad med tre poetar

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Kvifor er det berre romanforfattarar som får sitte i djupe stolar på scena og leggja ut om sine tema, sine forteljemåter og sine tankar om alt ikring oss? Må det væra slik at poetane les høgt i små krinsar eller diskuterer språklege spørsmål på seminar, medan dei med episke anlegg vert intervjua i Dagbladet? Litteraturhuset inviterer denne kvelden til bokbad med tre samfunnsengasjerte diktarar som skriv like godt og fengjande som dei som held seg til sjangrar med litt breiare bokrygg.

Hausten i fjor ga forfattar og forleggar Geir Gulliksen ut ei samling med den på same tid talande og mystiske tittelen Et ansikt som minner om norsk politikk. Hans fjorten tidlegare utgjevingar spenner frå romanar via dikt og essays til barne- og ungdomsbøker. Likevel er det nok særleg som lyrikar han har gjord seg merka, som då diktet «Alt dette skal begynne en gang til» vart kåra av NRK til det beste i 2005.

Cecilie Løveid skriv óg mange typar tekst, men har ein spesiell plass bland norske nolevande poetar, noko som vart stadfesta med Bragenominasjon for diktsamlinga Nye ritualer i fjor.

Cathrine Grøndahl byrja å studere jus, dukka plutseleg eksempelmannen Peder Ås (kjend frå lærebøker på feltet) opp i diktform. No har advokaten med forfattarpraksis på si vore i permisjon, og dei nye dikta handlar om mammarolla. Grøndahl skal få sine kollegaer i tale denne kvelden, og det vert opplesingar frå alle tre.

Singelkuttet: Spesial

Wergeland Litteraturhuset Bokbad med tre poetar

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!