Poeten og paradoksa

Gudmund Skjeldal om Nordahl Grieg

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Nordahl Grieg var frå Bergen, men avskydde norske byar. Han studerte engelsk på universitetet, men lærde seg å hate det britiske imperiet. Han var verdsborgaren som skreiv nasjonale dikt, og sovjetkommunisten som blei tolk for eit heilt folk. Og han er diktaren som døyr i eit bombefly.

Paradoksa står i kø når ein ser på Nordahl Griegs liv og tenkjing. No har forfattaren og journalisten Gudmund Skjeldal skrive ein ny biografi om Grieg som har fått tittelen Diktaren i bombeflyet. Tidlegare har Skjeldal skrive bøker om mellom anna toppidrett, klimaspørsmål og norsk oljepolitikk, men no er det altså Nordahl Grieg som gjeld, mannen som i 1944 gav ut diktsamlinga Friheten, som framleis er den diktsamlinga som har selt mest i Norge nokosinne.

Han var «den peneste av norske diktere, men også den som forsømte utseendet, så man fikk lyst til å sendeham til skredder, skomaker, barber», sa Sigurd Hoel om Nordahl Grieg i eit minneord. No samtalar Skjeldal med samfunnsredaktør i Morgenbladet Lena Lindgren om han som i dag truleg er mest kjend for å ha skrive «Til ungdommen». Diktet blir ofte lese som ein pasifistisk tekst. Men var Grieg eigentleg pasifist?

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kjelleren Litteraturhuset Gudmund Skjeldal om Nordahl Grieg

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!