Påskekrim

Kriminallitterær vegvisar: Knut Nærum

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Kriminallitterær vegvisar: Knut Nærum

Har du lagt påskeplanane enno? Ein treng ikkje reise langt før kombinasjonen religiøs høgtid og kriminallitteratur vekkjer oppsikt og undring. Påskekrim er rett og slett ei fullstendig norsk oppfinning. Det heile byrja med eit særs vellykka marknadsføringsstunt: Påska 1923 stod det å lesa med krigstypar i hovudstadsavisene at Bergenstoget var angripe. Såg ein nærare etter, oppdaga ein at det dreia seg om ein kreativ annonse. Det gjorde ikkje folk, og NSB vart nedringde. Med dette hadde den seinare så mektige forlagsmannen Harald Grieg både skapt ein forløpar til hysteriet rundt War of the Worlds – Orson Welles’ radiohøyrespel som lurte britane til å tru det var invasjon frå Mars – og selt ein heil del eksemplar av krimboka Bergenstoget plyndret inat! Nok om det.
Denne onsdagen står ny skandinavisk krim i fokus på Litteraturhuset: Danskane Kaaberbøl og Friis står bak bestseljaren Gutten i kofferten som vart kåra til beste krim i Danmark i 2008 og no kjem på norskmedan Øystein Wiik debuterer som krimforfattar i et landskap som allereie er kjend for han, nemleg Operaen. Ei av Norges krimdronningar, Unni Lindell, kjem også for å fortelje om kva etterforskar Cato Isaksen held på med for tida. Intervjuar er Marius Aronsen.

Kriminallitterær vegvisar er Knut Nærum.

Berner-kjelleren Litteraturhuset

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!