Nyrikdomen

Sigmund Jensen, Henrik H. Langeland og Torgrim Eggen i samtale

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

For to hundre år sidan var Noreg like fattig som Somalia er i dag. Hundre år seinare var me framleis ikkje betre stilte enn Burma er no. Sjølv etter krigen, i det som kan seiast å vere ei lukkeleg tid for nasjonen, var landet heilt i bakevja i Europa. Desse åra er alle vel dokumenterte i litteraturen, men i kva grad skriv ein om dagens rikdom?

Frå å vere eit fattig og relativt egalitært samfunn, utan adel og med oppsiktsvekjande få verkeleg rike menneske, har Noreg vorte eit av dei rikaste landa i verda. Me har fått vårt gross av private milliardærar, medan staten har fått sitt oljefond. Korleis pregar denne oppsiktsvekkjande raske endringa oss, og korleis pregar ho litteraturen vår? Me har invitert tre forfattarar som har skrive om den norske rikdomen og finansverda i tre ulike periodar.

I storverket Tiberiusklippen skildrar Sigmund Jensen marknadsliberalisme i si mest perverterte og uansvarlege form, gjennom auga til den særs matleie visedirektøren Jan Johansen. I ein intellektuell prestasjon av dei sjeldne meskar forfattaren seg med burleske konspirasjonsteoriar og svartmåling av norske styresmakter, men peikar samstundes på sanne trekk i samtida. Noko liknande kan ein seie om Torgrim Eggens filleristing av jappane i sin debut Gjeld frå 1992, som no kjem i nyutgåve. Sistemann i panelet er Henrik H. Langeland, som gav bobleøkonomien eit andlet gjennom bestseljaren Wonderboy i 2003.

Arrangementet er det andre i ei rekkje på fire med utgangspunkt i norsk økonomisk og politisk historie. Fast møteleiar er Dagsavisens Annette Orre.

Singelkuttet: Ellen Grimsmo Foros

Wergeland Litteraturhuset Sigmund Jensen, Henrik H. Langeland og Torgrim Eggen i samtale

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!