Naiv og ironisk 1 og 2

Etgar Keret i samtale med Erlend Loe

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Etgar Keret (1967) er forfattar og filmregissør oppvaksen i Tel Aviv. Han blir av mange kalla den nye stemma frå Israel og har etter kvart blitt ein særs populær forfattar. Bøkene hans er bestseljarar ikkje berre i heimlandet, dei sel òg godt i dei arabiske nærområda og i Europa.

I Noreg har eit utval av novellene hans kome ut i samlingane Bussjåføren som ville være Gud (2004) og Gaza Blues (2006), sistnemde eit samarbeid med den palestinske forfattaren Samir el-Youssef.
Denne sommaren kom Åtte prosent av ingenting, som er nok ei samling absurde og satiriske noveller. Om ein skal peke på ein norsk parallell til Keret, noko norske kritikarar fleire gonger har freista å gjere, må det bli Erlend Loe.

Begge skriv om ein generasjon som kjenner seg makteslause stilt overfor dei store spørsmåla i samfunnet, begge nyttar ironi og det naive når dei skriv, og begge har jobba mykje med film.
Litteraturhuset fører dei saman til ein samtale om alt dette denne torsdagen.

Singelkuttet: Torgeir Rebolledo Pedersen

NB. Visningen av filmen Meduzot er dessverre avlyst. Som plaster på såret viser vi en kortfilm i regi av Etgar Keret.

Wergeland Litteraturhuset Etgar Keret i samtale med Erlend Loe

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!