Keltisk mytologi

Ved Jan Erik Rekdal

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Kong Artur sat ikkje berre og slappa av ved det runde bordet. Han fekk òg gode råd av trollmannen Merlin i jakta si på den heilage gralen. Tristan og Isolde er også kjent legendemateriale med keltiske røter. Dei drikk kjærleiksdrykken ved eit forferdeleg mistak, og det vert banen deira. Men kva andre keltiske guddomar finst, og korleis definerer ein eigenleg keltisk mytologi? Kven var til dømes Dagda, Boann, Bran og Oengus, og kva rot har forteljingane om dei i faktiske historiske hendingar? Dessutan: Korleis har dei keltiske forteljingane påverka det som er laga av kunst og litteratur seinare?

Jan Erik Rekdal er professor i irsk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo. No held han fram Litteraturhusets føredragsserie om mytar.

Arrangementet er del av Litteraturhusets satsing Folkeopplysning, som vert presentert i samarbeid med DNB.

Amalie Skram Litteraturhuset Ved Jan Erik Rekdal

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!