Industrispor i norsk litteratur

Frode Grytten, Lars Ove Seljestad og Kjartan Fløgstad

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Me lever i ei postindustriell tid, vert det sagt. Er det sant? Kva spor finn ein av industri i norsk samtidslitteratur?
Litteraturhuset har samla tre vestlandsforfattarar i Oslo for å finne svaret.

Lars Ove Seljestad knalldebuterte med boka Blind i 2005. Forteljinga er rotfesta i vestlandskulturen, men følgjer hovudpersonen til eit liv i akademia. Ho vart soleis den store norske romanen om klassereisa, sjølv om ho óg var ei bok om klasse i seg, nærmare bestemd industriarbeidarklassa. Seljestad er no tilbake med den burleske og fragmentariske roman Frægd frå same miljø.

Frode Grytten på si side har gjennom Bikubesong udødeleggjord murboligen i Odda, og har i ei rekkje andre romaner og noveller skildra livet i og spelet mellom klassane i industristaden.

Sjølve nestoren i norsk industrilitteratur er Kjartan Fløgstad, som i fjor vart heidra med Brages ærespris. Dalen Portland, Fyr og flamme og no sist Grand Manila er kanskje dei viktigaste skildringane av det moderne Noreg, om så vel industrialisering som avindustrialisering.

Litteraturhuset vil gjennom 2009 med utgangspunkt i litteraturen ta opp fire sentrale emne i moderne norsk politisk og økonomisk historie. Etter industrien kjem olja, sosialdemokratiet og nyrikdomen. Alle møta vert leia av Dagsavisens Annette Orre.

Singelkuttet: Håkon Øvreås

Wergeland Litteraturhuset Frode Grytten, Lars Ove Seljestad og Kjartan Fløgstad

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!