Haugtussa

Ane Dahl Torp, Kaja Schjerven Mollerin og Alfred Fidjestøl

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Arne Garborg skreiv diktsyklusen Haugtussa i 1895. Gjeterjenta Veslemøy er synsk, med ein vilje til å sjå tussar, skrømt og sanninga i kvitauga. Augo vik heller ikkje når ho skodar driftene i menneska ikring seg, eller når Jon sviktar henne, og kjærleikssorga er der som eit fullstendig mørker. Folketru og faste rimmønster. Mystiske tåkelagde landskapet med hegrar og heiloer. Og likevel så uendeleg moderne.

Skodespelar Ane Dahl Torp har gjeve Veslemøy nytt liv gjennom Haugtussa-framsyningane sine på Det Norske Teatret. Litteraturkritikar i Klassekampen, Kaja Schjerven Mollerin, held Haugtussa fram som ein av dei store favorittane sine. No nærles dei Haugtussa saman med Alfred Fidjestøl, som har skrive om forfattaren og mennesket Arne Garborg i boka Frå Asker til Eden.

Kjelleren Litteraturhuset Ane Dahl Torp, Kaja Schjerven Mollerin og Alfred Fidjestøl

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!