Frosk i kontekst

Erling Sandmo og Kjartan Fløgstad

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Det handlar om historie. Historikar Erling Sandmo dreg til Stockholm for å lese seg opp på reiseskildringar frå 1600-talet. Kva visste ein om verda på den tida? Han kjem over ei tynn forteljing førd i pennen av Nils Mattsson Kiöping. Kiöping skriv om ein frosk stor som ein hund, som held til på eit kjøken i Piplipatan. Måten frosken blir skriven fram på, gjer at ein ikkje kan tru på han, konkluderer Sandmo. Men kva seier amfibiet om tida då forteljinga blei skriven? Kva forklaringar kan dei historiske rammene, konteksten, tilby, når dei blir filtrerte gjennom ein historikar? Og kva perspektiv kan ein forfattar tilby?

Erling Sandmo har ei heilt eiga breidd i historieinteressa, som mellom anna dekkjer musikk-, mentalitets- og kriminalhistorie, og var ein av dei fyrste her i landet til å interessere seg for Michel Foucaults tankar om kontekstbunden historieforsking. Det er i boka hans Tid for historie. En bok om historiske spørsmål ein støyter på den abnorme frosken, ei utgjeving som blei heidra med Universitetsforlagets faglitterære pris i 2011.

Kjartan Fløgstad er ein av Norges sterkaste forfattarar og skriv stadig frå ein stad mellom skjønn- og faglitteratur. I dei fleste kritikkane blir han rosa for den store historiekunnskapen sin og for viljen til å fortolke tidlegare tider også når han skriv romanar. No talar dei to om kva som eigentleg er historie. Og om alt som har vore.

ILL.: Olaus Magnus: Carta Marina (1539). Utsnitt. Universitetsbiblioteket i Uppsala

Wergeland Litteraturhuset Erling Sandmo og Kjartan Fløgstad

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!