Litteraturhuset logo

Festkveld for Einar Økland - 85 år, 104 bøker

Feiring av Einar Økland 85 år! Helsingar og opplesingar frå Dag Solstad, Kjartan Fløgstad, Inger Bråtveit, Bjørn Vatne, Hilde Hagerup, Sigmund Løvåsen, Ingvild Herzog og David Aasen. Samtale med Sverre Tusvik.

Bilde av Einar Økland

Einar Økland var ein av initiativtakarane bak Norsk Forfattersentrum i 1968 og nyleg fylte han 85 år. Vi vil gjera stas på han med kake og kaffi og eit litterært program som ligg ein stad mellom hyllande mimring og nye, skarpe perspektiv på lesing og litteratur.

I fjor haust kom samtaleboka Økland – Einar Øklands livsverk i samling ut (Fonna Forlag). Året før kom diktsamlinga Andre tider – Poetisk album (Samlaget). Økland har alltid vore ein hybrid, storskrivande i småprosa! Dessutan har han vore ein samlar heile livet, noko som har fått plass i fleire praktbøker – småting i storbøker! Dei 104 bøkene tel ikkje berre eigne, men er òg redigeringsarbeid og samarbeidsprosjekt. Han har vore viktig som konsulent for unge forfattarspirer og heilt sentral i pionerarbeidet for norsk barneboklitteratur gjennom Samlaget.

Det blir helsingar og opplesingar frå Dag Solstad, Kjartan Fløgstad, Inger Bråtveit, Bjørn Vatne, Hilde Hagerup, Sigmund Løvåsen, Ingvild Herzog og David Aasen. Samtale med Sverre Tusvik.

Alfred Fidjestøl er programleiar for kvelden.

Den enkelte arrangør er ansvarlig for arrangement og tekst, innhenting av fototillatelse og fotokreditering. For spørsmål om innhold, deltakere eller andre detaljer, ta kontakt direkte med arrangøren.


Vil du leie Skram?

Dette arrangementet finner sted i Skram. Skram er den nest største salen på Litteraturhuset, lokalisert i andre etasje.

Bilde av salen Skram på Litteraturhuset med tomme stolrader

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!