«Fantasy er den sjangeren absolutt alt kan puttast inn

Lars Petter Sveen om «Nordriket»

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Lars Petter Sveen om «Nordriket»

Lars Petter Sveen valde seg fantasy-sjangeren fordi han kan romme så ulike ting som kristendom, norrøn mytologi, historie, Gutta på skauen og Taliban. I denne videoen snakkar han om fantasy-romanen Nordriket, om kor nyttige kart kan vere for bøker og for forfattarar, og om fantasy som den litt rølpete onkelen i litteraturen.

Lars Petter Sveen (f. 1981) ein norsk forfattar. Han debuterte i 2008 med novellesamlinga Køyre frå Fræna, som han vann Tarjei Vesaas’ debutantstipend for, og har sidan utgitt 5 romanar som alle har fått stor oppmerksemd. Sveen har blant anna vunne Sultprisen, Per O. Enquist pris, og Nynorsk litteraturpris. Forfatterskapen hans har ei tydeleg politisk side, og bøkene blandar ofte både den politiske samtida og meir historiske perspektiv inn i dei litterære universa.

Lesning: utdrag frå «Ingebjørg»
Lesning: utdrag frå «Harald»
Lesning: utdrag frå «Ada»
Lesning: utdrag frå «Henok»

I serien «Fantastiske verder» vil Litteraturhuset løfta den norske scifi- og fantasylitteraturen, ved å invitera aktuelle forfattarar til å fortelja om bøkene sine, korleis fantasifulle idear oppstår og korleis ein får dei ned på papiret.

Videoen er produsert av Litteraturhuset i mars 2022.
Intervju og redigering: Daniel Røkholt
Kamera og lyd: Pål Bredrup / Mads Gedde Metz
Vignett: Jørgen Brynhildsvoll
Musikk: «Scifi» frå Bensound.com
Foto: Tine Poppe

Litteraturhuset Digitalt Gratis - digitalt forfatterportrett Fantastisk litteratur Digitalt

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!