Ein tanke slo meg her om dagen. EKSTRA

Ei framsyning av Henrik Mestad etter Olav H. Hauge sine dagbøker

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Søndagen er utseld. Ledige plassar til ekstraframsyningane fredag kl 21 og laurdag kl 21.

Ein tanke slo meg her om dagen er Litteraturhusets fyrste eigenproduserte teaterframsyning. I anledning hundreårsjubileet for diktaren Olav H. Hauge har skodespelar Henrik Mestad og dansar Ingrid Lorentzen teke utfordringa med å formidla dei voldsomme kreftane som prega Hauges liv og dikteriske univers i ei timelang framsyning. Med seg på musikksida har dei Trygve Seim og Frode Haltli, som nett har hausta flotte kritikkar for si nye plate Yeraz.

Schizofrene kan ofte sjå naturi onnorleis enn normale. Eg hugsar soleis eg stod i vindauga på Valen sjukehus og såg ut yver sundi og øyane der i Sunnhordland. Dag etter dag, stod på same staden og såg. Eg var i trance. Landet og sjøen var blå og yverjordisk, eit land utanum rom og ti. Elles var det ofte under sjukdomen eg hadde rider då natursynet trollbatt meg heilt, ei slik verd hadde eg aldri set fyrr. Eg gjekk frå vindauge til vindauge og berre såg og såg i dagar og viker og månader.
– Frå Olav H. Hauges dagbok

Henrik Mestad er skodespelar og har vore tilsett ved Nationaltheatret sidan 1991. Han har spelt i ei rekkje filmar og fjernsynsseriar, og har tidlegare skrive stykka Lik meg når jeg er teit og Nansens sønn, som begge vart sett opp på Nationaltheatret.

Ingrid Lorentzen vert rekna som ei av dei dyktigaste dansarane i Noreg og er solist i Nasjonalballetten. Ho har utdanning frå blant anna Oslo, Stockholm, New York og Paris og har dansa store klassiske roller så vel som Eva Linde i Genanse og verdighet og Mme de Tourvel i Farlige forbindelser.

Trygve Seim er saksofonist og komponist. Han har i femten år vore med i gruppa The Source og har mellom anna spelt med Manu Katché, Trygve Seim Ensemble, Trio Mediaeval. Seim har dessutan jobba mykje med arabisk musikk, og har gjeve ut fleire CDar på prestisjetunge ECM.

Frode Haltli har utdanning frå Noregs Musikkhøgskule og soliststudiet ved Musikkonservatoriet i København. Han fekk Spelemannprisen 2002 i klassa samtidsmusikk for si debutplate Looking on darkness. POING, RUSK, Oslo Sinfonietta og Oslo Filharmoniske orkester er berre nokre av dei han har spelt med.

Oppsetjinga er støtta av Hauge-Tveitt jubileet.

Wergeland Litteraturhuset Ei framsyning av Henrik Mestad etter Olav H. Hauge sine dagbøker

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!