Ei historie om lesing

Laurdagsføredrag ved Alberto Manguel

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Litteraturhuset har ikkje for vane å hanke inn gjester langvegesfrå til laurdagsføredraga, men denne sesongen blir avslutta med eit celebert unntak. Skribenten, omsetjaren og redaktøren Alberto Manguel frå Argentina, Canada og Frankrike har ein mangslungen forfattarskap bak seg – meir enn førti bøker til saman. For norske lesarar er han mest kjend som mannen bak den kritikarroste En historie om lesning, der alt frå bokbrenning til det moderne fenomenet rask og ljodlaus lesing inni seg vert lagt under lupa.

Manguels store litteraturinteresse fekk grobotn i ein bokhandel i Buenos Aires, der han jobba som tenåring. Ein dag kom ein kunde utanom det vanlege inn i butikken – han hadde svært dårleg syn og trong ein høgtlesar. Kunden var Jorge Luis Borges, og lesaroppgåvene var mange. Dermed var det gjort. Eit langt liv i kjærleik til bøkene er Manguels utgangspunkt for dette føredraget.

Wergeland Litteraturhuset Laurdagsføredrag ved Alberto Manguel

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!