Egyptisk mytologi

Ved Saphinaz Naguib

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Kva trudde ein på i Egypt i førkristen tid? Ra, solguden. Anubis, som ofte vart framstilt med hovudet til åtseldyret sjakal, og som var den viktigaste guden i dødsriket. Men kvifor fekk kjærleiksgudinna Hathor eit kuhovud? Og kvifor er det alltid brør som tek livet av kvarandre på bestialsk vis, slik tilfellet er med Set og Osiris? Osiris blir kutta opp i småbitar og spreidd over heile Egypt. Kona gjer det ho kan for å finne bitane og setje dei i hop att.

Saphinaz Naguib er professor ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk, Universitetet i Oslo. No held ho fram Litteraturhusets føredragsserie om mytar, og korleis desse mytane har påverka det som er laga av kunst og litteratur seinare, og ho vil særleg konsentrere seg om mytar om skapinga av verda, korleis egyptarane såg for seg at verda blei til.

Arrangementet er del av Litteraturhusets satsing Folkeopplysning, som vert presentert i samarbeid med DNB.

Wergeland Litteraturhuset Ved Saphinaz Naguib

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!