Edvard Munch

Med Kverneland og Gundersen

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Det starta litt trått. Vesle Edvard var mykje sjuk, låg heime og teikna når dei andre borna var på skulen. Seinare gjekk det betre. Han blei målar. Ein kjend målar. Den einaste norske målaren med eit stort internasjonalt namn.

Edvard Munch levde frå 1863 til 1944, og no får han sin eigen teikna biografi. Det er den norske illustratøren og teikneserieskaparen Steffen Kverneland som fortel Munchs livshistorie med eigen strek. Frå før har Kverneland saman med kollega Lars Fiske fem band av dei kritikarroste teikneseriealbuma Kanon bak seg, der Munch er ein av fleire hovudfigurar. Men no går altså Edvard Munch solo.

Ein kjem ikkje særleg langt i ei historie om Munch utan samstundes å nemne Skrik, dette ikoniske verket som kunstnaren laga tallause versjonar av og arbeidde med over ein periode på tjue år. Bjarne Riiser Gundersen er idéhistorikar og journalist i Morgenbladet og har skrive bok om hovudverket til kunstnaren og om korleis det angstfylte motivet har påverka både kunstverda og populærkulturen Edvard Munch måla det han følte, ikkje det han såg. Men kva forma blikket han hadde som kunstnar? Steffen Kverneland og Bjarne Riiser Gundersen samtalar med kritikar Erle Marie Sørheim om ein mann dei fleste kjenner til, men der det framleis er mykje å gå på.

ILL.: Steffen Kverneland

Wergeland Litteraturhuset Med Kverneland og Gundersen

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!