Draumeskrivar

Snikkikk med Gunnhild Øyehaug

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

For slik er det. Somme situasjonar elskar vi, somme hatar vi. Felles for dei alle er at ingen varer evig.

Ei kvinne greier ikkje å fjerne naglelakken frå neglene sine, ein litteraturprofessor skal sykle heim frå førelesing og hamnar i eit mareritt, ei kvinne drøymer kontinuerleg om noko anna enn dette, nokon forsvinn ut gjennom bussveggen ein heilt vanleg regnvêrsdag, og kjærleikssorg opptrer også i verdsrommet.

I korte glimt viser kanskje livet seg i rein form, anten i draume eller i levande live, men kven kan forstå det, og kven kan fortelje? Draumeskrivar spør.

Gunnhild Øyehaug er ein sentral figur i det bergenske litterære miljøet, har publisert i dei fleste sjangrar (poesi, essay, noveller og romanar, no sist Undis Brekke frå 2014), underviser på Skrivekunstakademiet og skreiv filmmanus då romanen hennar Vente, blinke (2008) i fjor blei filmatisert og fekk tittelen Kvinner i for store herreskjorter.

Litteraturhuset Snikkikk med Gunnhild Øyehaug

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!