Det kvite kortet

Med skodespelarar frå Det Norske Teatret

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Med skodespelarar frå Det Norske Teatret

Ein høgt akta kvit kunstsamlar inviterer ein ung svart kvinneleg kunstnar på middag. Han samlar på kunst som omhandlar svart liding, og no vil han investere i hennar verk.

Kvifor kjem så mange velmeinte forsøk på antirasistisk arbeid frå den kvite middelklassa til kort? Er det i det heile mogleg å nå ein felles røyndom for velmeinte privilegerte kvite og svarte som kjenner rasismen på kroppen?

«Kva kan eg gjere for deg», spurte ein kvit mann i publikum etter at Claudia Rankine hadde prata om diktboka si, Citizen [Medborgar]. Etter ein augneblink med nøling svarte Rankine at «eg trur spørsmålet du burde stille, er kva du kan gjere for deg». Deretter gjekk ho heim og skreiv teaterstykket The White Card.

Stykket får publikum til å vri seg i ubehag, etter kvart som middagsselskapet havarerer. For første gong blir det ei iscenesett lesing av stykket utanfor USA, i norsk språkdrakt ved Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen. Lesinga er eit samarbeid med Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget.

Skodespelarar: Eivin Nilsen Salthe, Ellen Birgitte Winther, Judy Nyambura Karanja, Karl-Vidar Lende og Øyvin Berven. Regi er ved Øyvind Osmo Eriksen.

Sjå òg Claudia Rankine i samtale med Athena Farrokhzad kl. 18.00 og høyr Rankine snakke om eksperimentelle svarte forfattarar i sitt ledestjerneforedrag tysdag 20. august kl. 18.00

Litteraturhuset Wergeland Verden i svart/hvitt https://litteraturhuset.ticketco.events/no/nb/e/the_white_card_med_skodespelarar_fraa_det_norske_teatret

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!