Bryting, bjørnar og litterært overskot

John Irving

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Amerikanske John Irving er ein av dei mest lesne romanforfattarane i vår tid. Brytetrenaren, litteraturlæraren og Oscar-vinnaren Irving frå New Hampshire er eit litterært fenomen i seg sjølv og rører, engasjerer og underheld stadig lesarar i heile verda. Nøkkelen bak suksessen finst kanskje på Wikipedia. Slå opp namnet hans her, og du finn ein tabell med tema som ofte går att i bøkene hans – så som «Bears», «Wrestling», «Prostitutes» og «Deadly accident». Suksessromanar som Garps bok og Siderhusreglene får mange tilslag. Hotell New Hampshire får full pott. Og skal ein lita på den tabellbaserte litterære analysen på Wikipedia, er Irvings nyaste roman ein ny innertiar.

Siste natt i Twisted River er ei original forteljing som alt har teke lesarar og kritikarar med storm. Ein gut tek i miss av ein bjørn og kjærasten til den lokale politimannen og må i lag med far sin fly frå småbyen dei bur i. Medan den lange armen til lova jaktar på dei, får me servert ei burlesk forteljing full av overdrivingar og overraskande snubletrådar på ekte irvingsk vis.

Det vert alltid fullt hus når Irving gjestar Noreg, hugs difor å kjøpa billett på førehand på www.litteraturhuset.no.

Arrangementet er på engelsk.

ARRANGEMENTET ER NÅ UTSOLGT, MEN DET BLIR GRATIS VIDEOOVERFØRING AV SAMTALEN I AMALIE SKRAM (2. ETG). HER ER DET INGEN BILLETTER OG FØRSTEMANN TIL MØLLA.

Wergeland Litteraturhuset John Irving

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!