Morgenbladet-journalist og samfunnsøkonom Maria Reinertsen har ein heilt eigen stil og formidlingsmåte. Med sin særmerkte penn har ho til dømes gjeve lesarane innblikk i det storpolitiske spelet om klimakvotar ved hjelp av plottstrukturen i ei Hardyguttene-bok og «bokbada» finansministeren om boka St.prp. nr. 1, betre kjend som statsbudsjettet.
No er ho klar med si fyrste bok, Ligningen for lykke, som set seg føre å undersøkje korleis politikk eigentleg blir skapt, ikkje heilt utan bruk av Ole Brumm. Ho bit seg mellom anna merke i handlingsregelen, som i dagleg omtale kan verke som han er gjeven av Gud, men som faktisk er nøye utrekna på Jens Stoltenbergs kontor. Ho sveiper òg innom Dagfinn Høybråtens noko meir vidløftige forslag om å gjere som Bhutan – innføre ein rekneskap for nasjonens lykkekjensle (BNL).
Maria Reinertsen møter tidlegare Aftenposten-kommentator Kathrine Aspaas, og stortingsrepresentant Torbjørn Røe Isaksen (H) vil kommentera boka.
Singelkuttet: Øyvind Berg
Berner-kjelleren Litteraturhuset Maria Reinertsen om storpolitikk, statistikk og Stoltenberg