Bråkmakaren Berit Ås

I samtale med Ebba Haslund

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Usynleggjering, latterleggjering, tilbakehold av informasjon, dobbelstraff, påføring av skyld og skam. Nokon som kjenner seg att? Defineringa av hersketeknikkane, fem i talet og med ei enkel og manifest-aktig form, har vore noko av det som har sytt for at måtane kvinner blir holdt tilbake på har blitt synlege − og dei har ikkje gått av mote.

Det har heller ikkje den svært så synlege feministen, politikaren og forskaren Berit Ås, som fyller åtti år i år. Som aktivist og tenkar har Ås stått i strid sidan 1960-talet. Ho var politisk aktiv i Arbeidarpartiet, og var ein av dei som sto bak «kvinnekuppet» i norske kommunestyrer i 1971. Seinare vart ho den første leiaren i Sosialistisk Venstreparti. Som ein forskar sa i høve 75-årsdagen hennar: «Berit er eit av dei mest politiske menneska eg nokon sinne har møtt».

Mest kjend er likevel den tidlegare psykologiprofessoren for å ha presentert teoriane om hersketeknikkar i boka Kvinner i alle land … håndbok i frigjøring frå 1981. Hersketeknikkane er «knaggar» som den norske kjønnsdebatten har hengt på og hatt glede av sidan dei vart formulerte. I seinare år har det vore tatt til orde for at hersketeknikk-begrepet også bør brukast om forskjellsbehandling av menn, ettersom fleire kvinner kjem inn i maktposisjonar.

Til dagens unge feministar har Berit Ås ei sterk oppfordring: Hugs talla! Likestillinga er ikkje noko du kan ta for gitt, og det luraste du kan gjere om du vil sjå framskritt, er å slå ujamne tall og historiske fakta i bordet. Det har Ås gjort til gagns, partikollega Trygve Bull skal ved eit høve ha omtala ho som eit politisk geni − men lagt til at ho dessverre aldri blei sosialisert.

I høve bråkmakarens åttiårsjubileum 10. april har Ebba Haslund (90) skrive portrettboka Ild fra Asker.

Singelkuttet: Mona Høvring

Se også Berit Ås’ hjemmeside (http://hersketeknikker.no/) for jubileumsåret.

Wergeland Litteraturhuset I samtale med Ebba Haslund

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!