Bli vaksen!

Jan Kjærstad, Lars Saabye Christensen og Harald Rosenløw Eeg om oppvekstromanar

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Av alle forteljingane som vert skrivne i Noreg, er kanskje oppvekstskildringane dei mest populære. Dei vender seg til eit breitt publikum, og bøker som Beatles når stadig nye generasjonar av lesarar.

I haust er fleire prisløna forfattarar ute med romanar om det å vekse opp. Denne kvelden vil tre av dei møtast til samtale om sjangeren oppvekstskildring. Kva er det med desse bøkene? Kvifor vil så mange lese dei, kvifor vil forfattarane skrive dei og kva kan dei gje oss som lesarar?

Bisettelsen er namnet på den siste romanen til Lars Saabye Christensen. Boka er siste del i trilogien om dei fire Oslogutane frå forfattaren sin gjennombrotsroman Beatles (1984). Handlinga i dei tre bøkene er for ein stor del lagt til Oslo vestkant, der óg den siste romanen til Jan Kjærstad Jeg er brødrene Walker går føre seg. Boka om Odd Marius Walaker, 15 år frå Uranienborg, blir omtala som ein mosaikk av ei oppvekstskildring, der ein følgjer hovedpersonen frå tenåring til godt vaksen.
Dei to møter i kveld Harald Rosenløw Eeg til samtale leia av redaktør i Bokklubben Nye Bøker, Tuva Ørbeck Sørheim. Eeg har skrive fleire prisløna bøker i sjangeren, og no er han aktuell med oppvekstskildringa Løp hare løp.

Opplesar: Anders Danielsen Lie
Singelkuttet: Hege Susanne Bergan

ARRANGEMENTET ER UTSOLGT.
Samtalen overføres til storskjerm i Nedjma, 3. etasje. Inngang der er gratis, og det er førstemann til mølla.

Wergeland Litteraturhuset Jan Kjærstad, Lars Saabye Christensen og Harald Rosenløw Eeg om oppvekstromanar

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!