→

Bitcoin er tid

Kva har pengar med tid og fysikk å gjera? Og er bitcoin i grunn og botn ei desentralisert klokke?

Icon of a ticket

Gratis

"Tid er so god som Pengar." (Norske Ordsprog, 1856, samla av Ivar Aasen.)
Salvador Dalí. The Persistence of Memory. 1931

«Pengar er storkna mannesveitte», skreiv Aasmund Olavsson Vinje. Det er ei rå og presis formulering: Arbeid vert gjort no, medan pengar gjer det mogleg å ta med resultatet av arbeidet inn i framtida.

I over hundre år har økonomar, ingeniørar og tenkjarar grubla over sambandet mellom pengar og den fysiske verda. H.G. Wells og John Maynard Keynes drøfta energistandardar. Henry Ford ville ha ein valuta knytt til energi. Frederick Soddy og Buckminster Fuller meinte på kvat sitt vis at pengar måtte forståast i lys av arbeid, energi og termodynamikk.

Bitcoin er ikkje oppfyllinga av alle desse draumane. Men systemet gav eit nytt svar på eit gammalt problem: Korleis kan ein skapa pengar på internett utan ein sentral bokhaldar?

Digitale pengar treng ei truverdig rekkjefølgje. Kven betalte først? Kva hending kom før ei anna? Bitcoin løyser dette ved hjelp av proof-of-work: Energi og datakraft vert brukt til å byggja ein felles historikk som vert stadig vanskelegare å skriva om. Kvar blokk legg nytt arbeid oppå det gamle, og systemet regulerer sjølv tempoet mot éi ny blokk kvart tiande minutt.

Dette er ein Satoshi-samtale i form av eit føredrag om pengar, fysikk og tid – og om kvifor bitcoin kanskje best kan forståast som ei klokke utan urmakar.

Innleiar: Andreas Schjønhaug

Kommentator: Sæbjørn Forberg (filosof)

Ordstyrar: Emil Nygaard Nilsen (teknolog og nestleiar i BPI Noreg)

Den enkelte arrangør er ansvarlig for arrangement og tekst, innhenting av fototillatelse og fotokreditering. For spørsmål om innhold, deltakere eller andre detaljer, ta kontakt direkte med arrangøren.


Vil du leie Kverneland?

Dette arrangementet finner sted i Kverneland. Kverneland er en lys sal med utsikt mot Slottsparken.

Bilde av salen Kverneland på Litteraturhuset, med en stor veggillustrasjon som viser norske forfattere, tegnet av Steffen Kverneland.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!