Å skrive bok nr. 2

Victoria Kielland, Kenneth Moe, Sondre Midthun og Johan Harstad

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Victoria Kielland, Kenneth Moe og Sondre Midthun har det til felles at dei alle har to publiserte titlar bak seg. Kielland har skrive kortprosasamlinga I lyngen (2013), som vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris, og romanen Dammyr kom i år. Kenneth Moe fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen Rastløs frå 2015 og er alt no ute med romanen Det åpenbare. Sondre Midthun debuterte med kritikerroste Kom aldri nærmere i 2011. Bok nummer to har teke si tid å skrive, men no kjem den etterlengta Farvel til alt dét.

Alle kjenner myten om den vanskelege andreboka. Med debuten skal ingen forventningar verte innfridde, det er nok at ein har greidd å verte akseptert for utgjeving. Alvoret kjem kanskje fyrst med tittel nummer to. Er det difor så mange tykkjer bok to er vanskelegare å skrive enn debuten? Og er det rett at det også er mindre merksemd blant litteraturmeldarane når andreboka kjem?

På den andre sida: Med to bøker ute kan ein søkje om medlemskap i Forfattarforeininga. Kva endrar seg med andreboka? I eigne augo og i augo til andre og i måten ein ser på skrivelivet på? Møt Kielland, Moe og Midthun i samtale med forfattarkollega Johan Harstad.

Wergeland Litteraturhuset Victoria Kielland, Kenneth Moe, Sondre Midthun og Johan Harstad

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!