Saklig søndag: Lobotomert

Føredrag ved Oddrun Midtbø

Portrett av Oddrun Midtbø
Foto: Oskar Andersen

Lobotomi var ein psykiatrisk operasjon populær på 1940- og 50-talet, som innebar å kutte samband i hjernens pannelappar. Inngrepet vart utført ved tvang på urolege og utagerande pasientar med psykiske lidingar, og vart i ettertid sterkt kritisert, ikkje minst fordi mange av pasientane opplevde det som rein tortur. Noreg var blant dei landa i verda som lobotomerte flest menneske. Kvifor vart det sagt at metoden «passa spesielt godt på kvinner», og kvifor heldt legane i landet fram med å lobotomere i flerie tiår etter at medisin var kome på marknaden?

Det er blant spørsmåla Oddrun Midtbø stiller i si nye bok Lobotomert. Under arbeidet med si kritikarrosa bok Harastølen: Heimen for dei utstøytte (2023), oppdaga Midtbø spor etter ein slektning som skulle gøymast og gløymast. Gjennom forsøket på å få innsyn i pasientjournalen etter grandtanta kjem mørke sider av norsk historie fram.

Denne søndagen gjestar Midtbø Litteraturhuset for å fortelje om behandlinga av psykisk sjuke og konsekvensane det fekk, og nokre av dei som kjempa for rettferd for dei lobotomerte.

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!