Fem om Fosse

Tore Renberg, Kari Veiteberg, Brynjulf Jung Tjønn, Kathrine Nedrejord og Vigdis Hjorth gjev sine perspektiv på Jon Fosse.

Portrett av Tore Renberg, Kari Veiteberg, Brynjulf Jung Tjønn, Kathrine Nedrejord og Vigdis Hjorth.
Foto (fra øverst fra venstre): Petter Sandell, Bispemøtet / Hege Flo Øfstaas, Maria Kleppe Vihovde, Kari Live Rønningen og Sara Angelica Spilling

Kva kjenneteiknar Fosse sin litteratur? Kva har Fosse hatt å seie for det norsk litterære miljøet, og kva sider av forfattarskapen hans er det andre skrivande menneske framhevar? Fire forfattarar og ein biskop gjev oss sine perspektiv på Fosse, gjennom kvart sitt mini-føredrag.

Biskop i Oslo Kari Veiteberg har vore oppteken av forfattarskapen til Fosse i lengre tid. No vil ho ta for seg korleis Fosse skriv om religion og om døden. 

Brynjulf Jung Tjønn har, som Fosse, skrive både poesi, romanar, dramatikk og bøker for barn og unge. Han er òg nyslått leiar i Den norske Forfatterforening. Han vil snakke personleg om kva Fosse sitt språk har hatt å seie for han og skrivinga hans.

Kathrine Nedrejord har skrive for både ungdom og vaksne – og både romanar og dramatikk. Ho har attpåtil skrive ein god del om Fosse – i masteroppgåva si. Ho vil snakke om dramatikken til Jon Fosse, og korleis det internasjonale gjennombrotet vart mogleg.

Tore Renberg har skrive ei lang rekke kritikarroste og prislønte bøker for både barn og vaksne, og fleire av dei har vorte til film og teater. Mindre kjent er kanskje det sterke forholdet han har hatt til Fosse sin forfattarskap heilt sidan studietida. No vil han fortelje om sitt møte med Fosse – både mannen og orda.

Vigdis Hjorth er ein av våre fremste forfattarar, med 38 prisvinnande og kritikarroste romanar, barnebøker og essaysamlingar bak seg. Ho debuterte same år som Jon Fosse og har følgt forfattarskapen hans frå starten. Ho vil fortelje om den tidlege Fosse, og om å vere ung skrivande samstundes med han.

Arrangementet er ein del av Fosse-fest 7.-10. desember, der vi feirar Jon Fosse og forfattarskapen hans i samband med Nobelpris-markeringa i Stockholm.

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!