Äntligen Fosse!

Strøyming av Fosse sitt Nobelføredrag, med innleiing ved Olaug Nilssen.

Portrett av Jon Fosse.
Foto: Agnete Brun

«Ikkje minst vel eg å sjå pristildelinga som ein pris til nynorske og den nynorske målreisinga», sa Jon Fosse etter det vart kjent at han får Nobelprisen i litteratur 2023.

Ein av dei mange nynorsk-brukarane som tok denne utsegna til hjartet, var forfattarkollega Olaug Nilssen. Ho vil innleie kort om kva pristildelinga har å seie for nynorsken og for det norske litterære kretsløpet, før vi strøymer direkte frå Stockholm, der prisvinnar Jon Fosse vil halde årets Nobelføredrag.

Kom og sjå ei av dei viktigaste hendingane i norsk litteraturhistorie live på storskjerm, i godt lag!

Arrangementet er ein del av Fosse-fest 7.-10. desember, der vi feirar Jon Fosse og forfattarskapen hans i samband med Nobelpris-markeringa i Stockholm.

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!