Den tidlegare Europa-korrespondenten for NRK var nok den norske journalisten som kom tettast på det skremmande korona-utbrotet som ramma sør-Europa i 2020. To år etter kom den brutale russiske invasjonen i Ukraina, der Bruland rapporterte frå fronten. Alltid med menneskeleg liding som respektfullt fokus.
På Litteraturhuset denne kvelden fortel Bruland om opplevingane sine, om journalistikken og korleis han opplevde å arbeide i ekstreme situasjonar då verda vakla. Han vil lese utdrag av boka, vise bilete frå reportasjereisene og reflektere over kva krisene i Europa har lært oss om samfunn, poltikk og menneskeleg motstandskraft.
Det vil bli høve til å stille spørsmål og kjøpe signert bok.

